Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 205

  1. Kva er vilkåra for at foreldre kan få skuldansvar?

    Når barn gjer skade, kan foreldra bli subjektivt ansvarlege etter § 1-2 nr. 1. Regelen legg ansvar på foreldra når dei har late det mangle på tilbørleg tilsyn, eller når dei ikkje har gjort det som etter forholda er rimeleg å krevje av dei. Det skal liggje føre atskillig svikt i tilsynet før ansvar er aktuelt. Rettspraksis viser også at det skal mykje til for å påleggje foreldra skuldansvar for handlingar barna gjer. Sjå til dømes RT-2005-1449 Golfslagdommen i læreboka på side 196.

  2. Kva er vilkåra for at foreldre kan få objektivt ansvar?

    Foreldre kan få objektivt ansvar etter skadeserstatningslova § 1-2 nr. 2. Vilkåra er at foreldra bur saman med og har omsorga for barnet eller ungdommen, og at skaden skuldast aktløyse av den mindreårige, jf. skadeserstatningslova § 1-1.

    Kravet «bur saman med» blir tolka i samsvar med reglane i barnelova om fast bustad, jf. barnelova § 36. Det er ikkje nok at eit barn er på overnattingsbesøk hos ein av foreldra som han eller ho ikkje bur fast hos.

    Dersom foreldra har delt dagleg omsorg og delt fast bustad etter eit samlivsbrot, vil far få ansvar for skadar mens barnet bur hos han, og mor for skadar når barnet bur hos henne.

    Vilkåret om omsorgsrett omfattar også den som har samværsrett utan rett til å ha barnet fast buande hos seg. Blir skaden gjord mens barnet er hos den som har samværsrett, får også denne forelderen ansvar.

  3. Kva kan vere éi skadevalding etter § 1-2 nr. 2?

    Ansvaret etter § 1-2 nr. 2 er avgrensa til kr 5 000 for kvar enkelt skadevalding. Det kan vere spørsmål om kva som er éi skadevalding, dersom det er gjort fleire skadar på kort tid. I forarbeida til lova er det nemnt eit døme der ungdom gjer ti hytteinnbrot på eitt raid. Det bør behandlast som éi samanhengande skadevalding, slik at foreldra berre blir ansvarlege for kr 5 000, og ikkje kr 50 000 (kr 5 000 x 10 hytter). Men gjer ungdommane eitt innbrot kvar søndag i ti veker, kan erstatninga bli kr 50 000.